Foredrag

Små bedrifter – store verdiar

Arrangør
  • Fikse Næringsutvikling
Dato
  • Tirsdag 30. oktober
Tid
  • 18.30
Sluttid
  • 21.00
Sted
  • Etne
  • Skakkesenteret

Ei samling om problem og moglegheiter for småbedrifter. 

Småbedrifter representerer ein stor og viktig del av vårt næringsliv, målt i både arbeidsplassar, omsetnad og ringverknadar. Mange av desse, også dei lønsame bedriftene, opplever av ulike årsaker at ønska utvikling er krevande å få til, med uønska stagnasjon eller avvikling som resultat. Arrangøren og dette arrangementet ønskjer setja fokus på småbedriftene i næringslivet og sjå nærare på kva som er dei mest sentrale hindringane for ønska utvikling, og kva ein kan gjera for å betra dette.

Meld deg på

Om Fikse Næringsutvikling

Fikse Næringsutvikling er ein lokal næringsforening eigd av og jobbar for 150 små og store bedrifter i alle bransjar i Etne og Vindafjord.  Målet er at bedriftene skal bli betre saman enn kvar for seg.  Med det er eitt av hovudoppdraga til selskapet å vera næringslivet sitt talerøyr ovanfor lokale og nasjonale myndigheter.  Vidare arbeidar ein med å synleggjera næringslivet og jobbmoglegheitene i distriktet for kundar og framtidige arbeidstakarar.  Eit tredje hovudarbeidsområde er å vera ein koblar og nettverksaktør mellom bedriftene, slik at ein lærer og gjerne handlar meir av kvarandre.

Relaterte arrangementer